mandag 30. juli 2007

Inverness

Sit no paa ungdomsherberget i Inverness. I gaar kveld var vi paa indisk restaurant og aat god mat. I dag skal vi koeyre til Loch Lomond. Vi har ikkje faatt saerleg tid til aa kike oss ikring her i Inverness, saa vi tek det med ro og stoppar der det er noko interessant aa sjaa. De har vel skjoena at eg ikkje skriv paa mi eiga maskin. Maatte laana ei betalingsmaskin har paa herberget. Vi har ca. 3 1/2 t. effektiv koeyring i dag, og heile dagen for oss, saa det blir vel aa stikke innom nokre slott og andre spanande ting. Det vi veit, er at vi skal innom "Nessie-senteret" og sjaa utstillingane der. No skal vi snart til aa ete frukost. Det kjem fleire reisebrev og kanskje bilete, seinare.
Bilen vi har leigd, er forresten god. Det er ein nesten heilt ny Wauxhall Sapphira med god plass til 5, og stort bagasjerom.

torsdag 26. juli 2007

Ferieplaner

I morgon reiser eg "heim" til Ålvundeidet ein liten tur. Mamma har lova å passe Ragnhild og Marie medan resten av familien er i Storbritannia.
Å, har eg gløymt å nemne det?
Vi reiser altså til Skottland søndag 29. juli. Fly frå Vigra via Bergen til Aberdeen. Der ventar (vonaleg) ein leigebil på oss. Så skal vi prøve å halde oss på venstre sida av vegen heilt til onsdag 8. august.
Vi skal innom Inverness (ved Loch Ness), Loch Lomond, Edinburgh, Lindisfarne, York, Scarborough, Goathland (Aidensfield), Whitby og Newcastle. Vi tek fly heim igjen frå Newcastle via Stavanger. Eg kjem til å halde dei som er interesserte oppdaterte via blogg og facebook.
Følg med:-)

søndag 22. juli 2007

Kvelds/fjelltur



Einar og eg hadde oss ein fin tur på fjellet no i kveld. Vi starta ca. halv ni og gjekk stien frå Gåsneset opp til Roppehornet. Sidan dei fleste som les denne bloggen ikkje veit kvar dette er, kan eg berre seie at dette er ei av dei vakraste rutene på ei av dei vakraste øyene i landet. Dette seier eg utan omsvøp og heilt subjektivt.
Det einaste som trekkjer ned heilskapsinntrykket av turen, er at Einar no tek meg på kondisen. Eg prøvde å legge inn ein overraskande spurt då vi nerma oss toppen, men han tok meg igjen, og passerte meg rett før høgste punktet.
frå toppen av roppehornet ser vi Runde og alle dei andre øyene i Herøy, vi ser Godøya i nord og heilt i sør ser vi Kjerringa på Stadt. Snur vi oss og ser austover, ser vi dei spisse tindane i sunnmørsalpene stikke opp.
Rett under oss ligg bygda Flø, med storhavet rett utanfor.

På veg ned fekk vi med oss når sola gjekk i havet. Vi sette oss på ein stein og lot knotten ete av oss medan dei siste, raude strålane lyste opp berget rundt oss.

Vakkert!

lørdag 21. juli 2007

Vedhogst

Endeleg kom varmen igjen. Einar og eg har vore i skogen og førebudd oss på vinteren 08/09.
D.v.s. vi har saga og drege ned ved.
Veden for komande vinter har allereie tørka eit år, så den treng eg ikkje tenkje på.
Vi har felt 14 velvaksne tre, så vinterveden er nok berga både for svigerfar og oss.
No ligg han og tørkar i to store stablar. Når eg får tid, skal eg ta traktoren og køyre han ned, der han skal kappast og kløyvast.
Det er mykje blåbær i skogen. Vi er blåe både rundt truten og på buksene.

Einar er snart like sterk som meg. Han imponerer meg stadig. No lar eg han bruke motorsaga, og det motiverer han tydelegvis til å gjere ein ekstra innsats.

I morgon skal vi ha laks til middag, og eg har tenkt å skyte inn eit par bogar. D.v.s. ca. 200 skot.

onsdag 18. juli 2007

Den nye bogen



Lovde å legge inn bilete av bogen. Her er han. No tek eg med meg kona og går ein kveldstur på fjellet.

tirsdag 17. juli 2007

Kompostbinge

I dag har eg snikra ein platting til å sette kompostbinge og kaninbur på. No har dei visst tenkt å byrje å vege søppelet vårt for å sjå kor mange kilo vi leverer. Så vi har kjøpt oss Kompostbinge. Han står nede i hagen og ser fin og ny ut.
Men innvendig foregår ein gjæringsprosess. Når eg opnar han, ryk det. Rundt kantane ligg det fluelarver. Til å byrje med var det fluelarver i komposten, men dei strauk med då vi fekk dreis på gjæringa.
Vi er sju i familien, så det blir ein del matavfall som skal i bingen. Vi fyller to treliters isboksar annakvar dag. Strø produserer eg rikeleg av, så mykje som eg sagar og høvlar. Vi slepp å kjøpe sekkar med kompoststrø!
I dag har eg forresten laga ferdig ein boge som eg er svært godt nøgd med. Den skal eg ta bilete av og legge ut på bloggen når eg får tid.
Nei, det var ikkje rett sagt, for eg kunne gått ned og gjort det no med det same. Det er berre det, at eg har ein stygg uvane med å utsetje ting ei tid før det blir gjort. Men når eg først gjer det, blir det gjort på ein bra måte, meiner eg sjølv.
Men, attende til Komposten.
Det er like spennande kvar gong å opne lokket. Kva rører seg i djupet? Første gongen eg opna, og alt såg ut til å leve, p.g.a. fluelavene, vart eg litt skræmd. Har vi ein binge full av aliens i hagen? Vil dei ut og ta over kroppane våre når vi søv? Eller meir prosaisk: Vil vi ale fram ein ufatteleg sverm med fluer, som vil kravle overalt, ute og inne, surre over taket om natta når vi ligg og prøver å sove. Må vi ha fluepisken liggjande under puta osb.
Nei, dette tek visst heilt av. No er komposten heldigvis under kontroll, som dei seier på atomkraftverka. Eg kan visst trygt legge meg og sove i natt, og.
Det regnar ute.

lørdag 14. juli 2007

Sein Kveld

Det er sein kveld. Eg sit på stua og skriv første innlegget på bloggen min. Kona og ungane har lagt seg. Dei undrar nok på kva eg sit å stullar med åleine inne på stova.
Eg har vore ute i hagen i kveld og skote ca. 100 skot med pil og boge. Eg lagar alt utstyret sjølv, og det blir også litt sal. Kona seier eg skulle ha rydda på arbeidsrommet mitt. Ho trur eg ikkje ser alt rotet der, men det stemmer ikkje. Eg har berre så mykje anna å gjere enn å rydde. Så eg skubbar meg veg innover til eg finn noko å site på. Der set eg meg. Kanskje er det ei pil som skal produserast eller reparerast. Kanskje er det ein nesten ferdig boge som skal ha finpussen før eg beisar og oljar han. Eg ser alltid ting som kan gjerast betre, og strebar mot det perfekte. Den dagen eg har oppnådd det, vil eg ikkje lage fleire bogar. Håper det aldri skjer!

Men no må du ikkje tru at eg er litt einspora. Eg vil heller seie at eg er ein person som prøver å famne om litt for mykje. Eg arbeider med lær, syr knivslirer (ja, eg lagar knivar og), pilekogger og andre småting. Eg har også sydd meg eit par vikingsko, etter modell frå eit funn i osebergskipet. Og så har eg sydd meg skjorte i lin. Handsydd, så klart. Eg likar rett og slett å jobbe med hendene mine!

I morgon er det søndag. Kanskje vi går ein tur på fjellet.
Eg skal forresten synde litt i morgon kveld. Eg skal rydde på arbeidsrommet!