Viser innlegg med etiketten skottland. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skottland. Vis alle innlegg

lørdag 4. august 2007

Helmsley

Ja, no sit eg på ein vandrarheim i Helmsley, North Yorkshire. Det har vore dagar fulle av høgdpunkt, og eg har ikkje fått kopla til maskina mi før no.
Eit kort samandrag av kva som har hendt sidan sist:
Vi forlot Inverness måndag 30. juli. Vi køyrde langs Loch Ness, stoppa på sjøormsenteret der. Det var greit nok, men det flottaste langs Loch Ness er ruinane av Urquhart Castle. Det er eit slott frå 1200-talet, bygd av den mektige Durward-familien.














Om kvelden kom vi til andre overnattingsplassen, Loch Lomond Youth Hostel. Det er eit gammalt slott som er blitt ungdomsherberge. Det seiest at det spøkjer der, og det føltes slik då vi kom inn på rommet vårt i 4. etasje. Det var ikkje ei dør som var blitt smurt der på hundrevis av år, og det knirka stygt kvar gong nokon gjekk i dei. eg trur forresten ikkje noko på dette spøkelset. Eg var på do om natta og då møtte eg ein eldre mann på gangen. Eg spurde han om han visste noko om spøkelset, men han sa at han hadde gått der i gangane i over 300 år, og aldri sett noko.




Dagen etter køyrde vi til Edinburgh. På vegen dit var vi innom Stirling Castle, eit av dei mest monumentale slotta i Skottland. Frå toppen av muren hadde vi utsikt fleire mil i alle retningar. Ungane tykte det var flott, men Mona fekk akutt høgdesjuke.

Edinburgh var eit nytt høgdpunkt, bokstaveleg tala. Midt i byen ligg eit fjell, Arthur's Seat, som er nesten 500 meter høgt. Vi gjekk eit stykke opp, men det vart litt drygt for Ingrid. Byen var grei å finne fram i, og det var mykje å sjå der, mange parkar og monumentale minnesmerke, som t.d. National Monument, etter modell av Partenon i Aten. Det er reist til minne om skottane som fall i napoleonskrigane.

Andre dagen i Edinburgh, besøkte vi, naturleg nok, Edinburgh Castle. Vi lot oss igjen imponere over kor mektige byggverk som vart laga for 500-900 år sidan.
Høgdepunktet for ungane var nok likevel besøket på Pizza Hut.

Torsdag køyrde vi søraustover, til Holy Island, eller Lindisfarne. Vi kryssa grensa til England på turen dit. Vi var heldige og kom på eit gunstig tidspunkt med tanke på tidevatnet. Sjølve øya var større enn vi hadde trudd, med ein liten landsby med souvenirbutikkar og restaurantar. Bilen måtte parkerast nokre hundre meter frå landsbysenteret, og til slottet var det endå halvannan kilometer. Veret var strålande, og opplevelsen var fullkomen. På Lindisfarne har dei ein tradisjon med å lage små skur, eller naust, av gamle båtar som ikkje skal brukast meir. Mange slike små naust stod rundt omkring på øya, og ved slottsmuseet var det tre som var ein del av museet.
Etter at vi forlot øya, ville vi finne ei strand. Det gjekk greit, men vi måtte parkere bilen og gå 2-3 kilometer på ein sti for å kome dit.














Om kvelden sette vi kursen inn i landet igjen, og kryssa attende til Skottland. Vi skulle overnatte i ein liten landsby som heitte Kirk Yetholm. Det er endestasjonen for "The Pennine Way" som er ein 260 miles lang fotsti som startar i Edale aust for Manchester.

Neste punkt på reisa var Kettlewell, ein annan liten landsby. Denne ligg i "The Yorkshire Dales" nasjonalpark, og er staden der filmen "kalenderpikene" vart delvis skoten. Det som imponerte oss mest denne dagen, var alle steinmurane. Jæren, go home!

Frå Kettlewell køyrde vi austover til York, der vi naturlegvis måtte besøke Jorvik Viking Centre. OK oppleving, men litt lite for 26 pund. Vi tykte vi fekk minst like mykje igjen for dei 27 punda vi brukte på Pizza Hut.
Etter å ha vore i York nokre timar, sette vi kursen nordover igjen. Målet var Helmsley, ein koseleg by som vi likte med det same. Det er her i Helmsley eg sit og skriv no, og her skal vi vere til måndag. I morgon har vi tenkt oss til Scarborough og Whitby, og vi stikk nok også innom Goathland (Aidensfield).

mandag 30. juli 2007

Inverness

Sit no paa ungdomsherberget i Inverness. I gaar kveld var vi paa indisk restaurant og aat god mat. I dag skal vi koeyre til Loch Lomond. Vi har ikkje faatt saerleg tid til aa kike oss ikring her i Inverness, saa vi tek det med ro og stoppar der det er noko interessant aa sjaa. De har vel skjoena at eg ikkje skriv paa mi eiga maskin. Maatte laana ei betalingsmaskin har paa herberget. Vi har ca. 3 1/2 t. effektiv koeyring i dag, og heile dagen for oss, saa det blir vel aa stikke innom nokre slott og andre spanande ting. Det vi veit, er at vi skal innom "Nessie-senteret" og sjaa utstillingane der. No skal vi snart til aa ete frukost. Det kjem fleire reisebrev og kanskje bilete, seinare.
Bilen vi har leigd, er forresten god. Det er ein nesten heilt ny Wauxhall Sapphira med god plass til 5, og stort bagasjerom.

torsdag 26. juli 2007

Ferieplaner

I morgon reiser eg "heim" til Ålvundeidet ein liten tur. Mamma har lova å passe Ragnhild og Marie medan resten av familien er i Storbritannia.
Å, har eg gløymt å nemne det?
Vi reiser altså til Skottland søndag 29. juli. Fly frå Vigra via Bergen til Aberdeen. Der ventar (vonaleg) ein leigebil på oss. Så skal vi prøve å halde oss på venstre sida av vegen heilt til onsdag 8. august.
Vi skal innom Inverness (ved Loch Ness), Loch Lomond, Edinburgh, Lindisfarne, York, Scarborough, Goathland (Aidensfield), Whitby og Newcastle. Vi tek fly heim igjen frå Newcastle via Stavanger. Eg kjem til å halde dei som er interesserte oppdaterte via blogg og facebook.
Følg med:-)