torsdag 11. juni 2009

Langhuset til Martine






Helgetorsdag tok eg meg ein tur til Nordmøre for å hjelpe Edvard med langhuset som Martine skal få i konfirmasjonsgåve. Det var fantastisk å sjå kor mykje som var gjort sidan påska, men mykje godt arbeid var enno ugjort.
Eg tok på meg å barke trestokkar. Her er det meste gjort med handemakt, og det som er gjort med meir moderne redskap syner ikkje.

Huset er ca. 15 meter langt, og seks meter på det breidaste.

Sola varma godt utover dagen, og vassdunkane måtte fyllast opp jamt.

Ingrid sørga for at alle fekk ete seg gode og mette. Både kjøtkaker og anna kjøt gjekk ned på høgkant.

Det vart seine kvelden før vi avslutta, og det var godt å kjenne verken i kroppen etter ein god dags arbeid.

Så høyrer det med til historia at konfirmasjonen vart feira i langhuset, med presenning til tak, og det vart ein fantastisk dag for både konfirmant, foreldre og gjestar!

mandag 16. mars 2009

Ny skule!! :)))))


Endeleg!! har vi fått flytte inn i ny skule. Etter to år med kummerlege tilhøve for lærarar og elevar står skulen der, ny og blank!
Det beste med alt, er at alle lærarane no har fått kvart sitt kontor, ein arbeidsplass der vi får ro til å førebu oss, trekkje oss attende for å puste ut, og ha ein fredeleg oase i ein stressande kvardag. Sjølv om det framleis er ting som ikkje er heilt ferdig i og utanfor bygget, så veit vi at det vil gå seg til etter kvart.
No er vi i alle fall innflytta!

søndag 30. november 2008

Storspeidar




Noko eg ikkje har nevnt, er at eg er leiar for storspeidarane, d.v.s. dei som går på ungdomsskulen. Det er ein fin gjeng, og vi har ein hemmeleg stad i skogen der vi har samlingane våre. Legg ut nokre bilete frå plassen, men utan speidarar.

mandag 24. november 2008

Endeleg attende!

Neimen, hei!

Er du der framleis?
Trudde du hadde gitt opp å sjå innom, sidan eg ikkje har blogga på så lenge.

Men her er eg, og livet er bra!

Sjølv om eg ikkje gjennomførte å blogge sommaren vår, kan eg seie at han vart bra, og aktivitetane var mange.

Vi fekk endeleg tid til å stikke innom Inger på Averøya, medan Tore og jentene var der. Vi fekk endatil vere med å krasje fly. Det var lenge sidan sist!

Lovar å blogge litt oftare i tida framover. I dag er det forresten fin vinter på Sunnmøre. Vi får nyte det så lenge det varer...

tirsdag 1. juli 2008

Amatørarkeologar på Rosskar








Ragnhild og Marie inviterte med seg Oda på tur i dag.

Vi hadde planer om å køyre inn til Rosskar på Gurskøya for å sjå på helleristingane der.
Frå Jøsok er det ca. 3 km å køyre oppover dalen før du kjem til enden av vegen.

Når du kjem litt oppover er det nesten som å køyre i ein innlandsdal, med frodig oreskog langs elva som slynger seg langs og under vegen.

Frå garden i enden av vegen er det berre nokre hundre meter å gå opp til olivinberget det du finn helleristingane.

For jentene vart dette ei spennande oppdagingsferd. Den best synlege ristinga ligg nemleg under ei stor trekanta helle. Det er ein båt med kløyvde, v-forma stamntoppar. Sannsynlegvis er den laga ein gong i tidsromet mellom 300 f. kr. og 300 e. kr. Den kan i formen minne om den vesle Kvalsundbåten.

Olivinberga ligg der som nokre lysebrune/gule haugar i alt det grøne og grå. Dei er fine å klatre på, og jentene koste seg.

Dei hadde med seg kjeks og sjokolade.

Ein ny vellukka tur, altså, og i morgon blir det Barnas dag på Sunnmøre museum:-)

mandag 30. juni 2008

Hasundhornet

I dag var det regn frå morgonen, men så skein det plutseleg opp!

I eit par timar var det sol frå skyfri kimmel.

Mona ville site heime og brodere, så eg tok med meg jentene og sette kursen mot Hasundhornet.
Det er ein passe lang tur for 8-åringar, og fin utsikt det meste av vegen.
Første høgda heiter Høgebruna, men skiltet seier "Høgebrua". Eit språkleg mistak.

Då vi nærma oss toppen, byrja skyene å samle seg igjen, men vi kom oss opp og fekk skrive namna våre i boka før vi sette kursen nedover att.

Vi hadde vinden i ryggen ned att, og turen gjekk fort. Eg fann ut at eg kunne like godt starte å lære dei litt om den norske kongerekka, og fekk vel kome grundig gjennom Harald Hårfagre og forhistoria om Halvdan Svarte og Ragnhilds draum før vi var nede ved bilen.

Vi høyrde Heiloen, og såg heipiplerka og varslaren.

Ein fin og lærerik tur.

Då vi kom heim, byrja det å regne.

søndag 29. juni 2008

Tur til Hakallestranda

Vi hadde venta oss ein regntung søndag, men da vi vakna var det nesten slik at vi kunne seie at veret var fint!

Vi hadde allereie bestemt at vi skulle besøke Aina på Sandvikgarden på Hakallestranda, så vi åt frukost i ein fart, pakka med oss niste ut i bilen, og køyrde over til Larsnes, det vi tok ferja over til Åram. Derifrå er det berre fem minutt å køyre.

Vi var litt spente, for det var første gongen vi var der, og difor visste vi i grunnen ikkje så mykje om kva vi hadde i vente.

Men då jentene fekk sjå alle dyra som gjekk rundt, var dei vekk på ein augneblink. Vi fann dei att nede hos hengebuksvina (dårleg namn på desse vakre dyra:-))

Det er klart at dette måtte bli vellukka!

Ragnhild og Marie var i hundre heile tida, for det var stadig noko nytt å sjå. Inne i huset var det nyfødde kattungar, ute gjekk hundar, kattar, hestar og shetlandsponniar i kring.

Jentene kunne gå inn til kaninane, hønene, påfuglane, grisane og dei andre dyra.

Ridetur vart det også.

Då alpakkaane (heiter det det i bestemt form fleirtal?) skulle forast fekk jentene kvar sin isboks med kraftfor som dei heldt fram. Dyra kom springande med ein gong, og gomla i seg store munnfullar.
Ei lita jente som stod der, fekk heile ladninga utover seg då eit av dyra fann det for godt å spytte.

Inne på løa var det sal av vafler, kaker, brus og diverse anna. det var også eit galleri der det var utstilt diverse handverksprodukt og kunst.

Til slutt fekk jentene køyre tur i hengaren til Gråtass.

Då vi køyrde heim att var dei skjønt einige om at dette var den kjekkaste dagen så langt i sommar.

Og det var i grunnen vi vaksne og!