I morgon reiser eg "heim" til Ålvundeidet ein liten tur. Mamma har lova å passe Ragnhild og Marie medan resten av familien er i Storbritannia.
Å, har eg gløymt å nemne det?
Vi reiser altså til Skottland søndag 29. juli. Fly frå Vigra via Bergen til Aberdeen. Der ventar (vonaleg) ein leigebil på oss. Så skal vi prøve å halde oss på venstre sida av vegen heilt til onsdag 8. august.
Vi skal innom Inverness (ved Loch Ness), Loch Lomond, Edinburgh, Lindisfarne, York, Scarborough, Goathland (Aidensfield), Whitby og Newcastle. Vi tek fly heim igjen frå Newcastle via Stavanger. Eg kjem til å halde dei som er interesserte oppdaterte via blogg og facebook.
Følg med:-)
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Ta noen fine bilder. Av sauer og grønne enger!
Tenkte meir å få et nærskot av Nessie. A propos sauar; har du sett traileren til "Black Sheep"? Det kan få ein til å revurdere sitt romantiske syn på dyra.
Har bare sett de trailerne som går forbi på riksveien her. Det er ikke så mange.
Legg inn en kommentar