Viser innlegg med etiketten Kompost. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kompost. Vis alle innlegg

tirsdag 17. juli 2007

Kompostbinge

I dag har eg snikra ein platting til å sette kompostbinge og kaninbur på. No har dei visst tenkt å byrje å vege søppelet vårt for å sjå kor mange kilo vi leverer. Så vi har kjøpt oss Kompostbinge. Han står nede i hagen og ser fin og ny ut.
Men innvendig foregår ein gjæringsprosess. Når eg opnar han, ryk det. Rundt kantane ligg det fluelarver. Til å byrje med var det fluelarver i komposten, men dei strauk med då vi fekk dreis på gjæringa.
Vi er sju i familien, så det blir ein del matavfall som skal i bingen. Vi fyller to treliters isboksar annakvar dag. Strø produserer eg rikeleg av, så mykje som eg sagar og høvlar. Vi slepp å kjøpe sekkar med kompoststrø!
I dag har eg forresten laga ferdig ein boge som eg er svært godt nøgd med. Den skal eg ta bilete av og legge ut på bloggen når eg får tid.
Nei, det var ikkje rett sagt, for eg kunne gått ned og gjort det no med det same. Det er berre det, at eg har ein stygg uvane med å utsetje ting ei tid før det blir gjort. Men når eg først gjer det, blir det gjort på ein bra måte, meiner eg sjølv.
Men, attende til Komposten.
Det er like spennande kvar gong å opne lokket. Kva rører seg i djupet? Første gongen eg opna, og alt såg ut til å leve, p.g.a. fluelavene, vart eg litt skræmd. Har vi ein binge full av aliens i hagen? Vil dei ut og ta over kroppane våre når vi søv? Eller meir prosaisk: Vil vi ale fram ein ufatteleg sverm med fluer, som vil kravle overalt, ute og inne, surre over taket om natta når vi ligg og prøver å sove. Må vi ha fluepisken liggjande under puta osb.
Nei, dette tek visst heilt av. No er komposten heldigvis under kontroll, som dei seier på atomkraftverka. Eg kan visst trygt legge meg og sove i natt, og.
Det regnar ute.