I dag har eg snikra ein platting til å sette kompostbinge og kaninbur på. No har dei visst tenkt å byrje å vege søppelet vårt for å sjå kor mange kilo vi leverer. Så vi har kjøpt oss Kompostbinge. Han står nede i hagen og ser fin og ny ut.
Men innvendig foregår ein gjæringsprosess. Når eg opnar han, ryk det. Rundt kantane ligg det fluelarver. Til å byrje med var det fluelarver i komposten, men dei strauk med då vi fekk dreis på gjæringa.
Vi er sju i familien, så det blir ein del matavfall som skal i bingen. Vi fyller to treliters isboksar annakvar dag. Strø produserer eg rikeleg av, så mykje som eg sagar og høvlar. Vi slepp å kjøpe sekkar med kompoststrø!
I dag har eg forresten laga ferdig ein boge som eg er svært godt nøgd med. Den skal eg ta bilete av og legge ut på bloggen når eg får tid.
Nei, det var ikkje rett sagt, for eg kunne gått ned og gjort det no med det same. Det er berre det, at eg har ein stygg uvane med å utsetje ting ei tid før det blir gjort. Men når eg først gjer det, blir det gjort på ein bra måte, meiner eg sjølv.
Men, attende til Komposten.
Det er like spennande kvar gong å opne lokket. Kva rører seg i djupet? Første gongen eg opna, og alt såg ut til å leve, p.g.a. fluelavene, vart eg litt skræmd. Har vi ein binge full av aliens i hagen? Vil dei ut og ta over kroppane våre når vi søv? Eller meir prosaisk: Vil vi ale fram ein ufatteleg sverm med fluer, som vil kravle overalt, ute og inne, surre over taket om natta når vi ligg og prøver å sove. Må vi ha fluepisken liggjande under puta osb.
Nei, dette tek visst heilt av. No er komposten heldigvis under kontroll, som dei seier på atomkraftverka. Eg kan visst trygt legge meg og sove i natt, og.
Det regnar ute.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
5 kommentarer:
En bitte liten kompostbinge på verandaen min er kanskje tingen :-) Jeg er sikker på at min kjære nabo ikke har noe imot at det ramler en og annen fluelarve ned i hodet på ham, i etasjen under!
Onde tunger seier at fluelarver er nyttige. Dei kan brukast som agn, og dei blir også brukt til å reinse betente sår. Du veit ikkje om naboen din har sår i hovudbotnen, eller kanskje skal ut og fiske?
Jeg har hørt at også meitemark skal være virksomt mot psoriasis, kviser og fet hud. De skiller visst ut et slags rensende stoff. Så spe på med noen slike, og det blir kjempefart i sakene.
Tror eg må starte ei eiga spalte med kjerringråd. Svigermor seier at du skal pisse i hendene viss du har teke i ein brennmanet. Ei tid hugsa eg ikkje kva det skulle hjelpe for, og pissa i hendene uansett kva som feilte meg...:)
Jeg ønsker å lage meg en liten kasse til kompost på verandaen,men er livredd fluer og lukt. Blir ikke mye matavfall hos meg som er enslig, eggeskall,skrell og slike ting. Blir det jord av slikt? Torvstrø først, ulike typer skrell, skall, teposer o.s.v, torvstrø igjen. Om dette gjentas, samt tilsettes noen meitemarker etter hvert....kan dette være en ide og unngår en fluer og lukt i såfall?
Legg inn en kommentar