mandag 3. september 2007

Åleinepappa igjen!

Her går det fort i svingane.
Fredag og laurdag var Einar, Ingrid og eg på vikingmarknad på Herøy Gard. Fredag kveld og natt til laurdag var det knallblå himmel. Vi sat oppe til 0200 og såg på månen og stjernene.
Laurdag morgon sløra det seg til. Etterkvart byrja det å yre, og rundt klokka 12 starta det å bøtte ned. Veret gjorde oss ikkje så mykje, direkte, men det førde naturlegvis til at folk ikkje kom på marknaden. Dei stakkars sjelene som kom utover, søkte seg inn i bygningane, der dei åt ei skål med rømmegraut før dei sette seg i bilane igjen.
Eg fekk seld 2 bogar og nokre piler.

Og søndag morgon sette Mona seg i bussen til Vågå. Denne veka tek ho første modul i Husfliden si bunadsutdanning. Denne utdanninga har 9 modular som går over 3 år. Nokre av modulane varer i 14 dagar, så eg får trent meg i å klare meg sjølv.
Ikkje at eg er redd for at noko skal gå gale, men det er godt å ha nokon å dele ansvar med. Eg er dessutan ikkje like systematisk i hovudet som min betre halvdel, så det gjeld å skrive ned ting etter kvart som dei dukkar opp.

Fekk forresten melding frå ho i dag tidleg. Ho var ute og gjekk i solskinet. Kva var no det, igjen?