lørdag 18. august 2007

Åleinepappa og båtkjøp

Denne helga er eg åleinepappa med ansvaret for fire born. Mona tok med seg Kristin og drog på Rennebumarknaden.

Det er vel og bra, eg klarer meg godt åleine eit par dagar.
Men no vart det litt ekstraarbeid. Einar kjøpte seg båt før helga. Ein 15 fots færing, fin og mørk, med kvit ripe. Vi har fortøyd han nede ved sjøhuset til svigerfar. Der ligg han i sitt rette miljø og tek seg godt ut.
Og så vart det jammen eit båtkjøp til! Eg la inn eit bod på ein annan færing, for svigerfar, og det vart jammen suksess! Så i dag henta vi han med hengaren. Denne færingen har ikkje vore på sjøen dei siste par åra, men han har stått lagra på eit naust, og den tidlegare eigaren har stelt han etter alle kunstens reglar.
No står han inne på sjøhuset og ventar på litt vask og puss før han skal smørjast og setjast på vatnet. Det maritime miljøet på Klubbeneset har fått seg eit realt løft!

No kunne dette ha vore eit fint a propos til det faktum at det er trebåtfestival her i Ulsteinvik denne helga, men eg har altså hatt det så travelt med våre båtar at eg nesten ikkje har hatt tid til å stikke innom festivalen. Var berre ein liten tur nedom i kveld for å helse på nokre kjenningar frå Dalsfjorden som ligg ved kaia i ein gammal gavlbåt dei har restaurert.

I morgon skal vi til kirke. Ingrid skal ha tekstlesinga, så vi må komme oss nedover litt tidleg.

torsdag 9. august 2007

Heime igjen!

Det er sagt av ein klok mann at alle reiser er ein omveg heim. No er omvegen vår slutt, og eg må berre sanna orda hans.
Sjølv om vi har hatt ein fin tur, der opplevelsane har stått i kø, følest det godt og rett å vere heime igjen.
Må berre seie litt om dei siste dagane. Søndagen var vi både i Scarborough og Whitby. I Scarborough fann vi oss ei fin strand der vi leika oss med bølgjene i iskaldt! Atlanterhav. Nedturen vart Whitby, der vi ikkje var ute av bilen avdi vi ikkje fann parkeringsplass! Eg trur heile England hadde planlagt søndagstur til Whitby denne dagen.
Så vi vende nasen sørover mot Goathland. Der fann vi Aidensfield Arms, Scripp's Garage, togstasjonen og alle sauene vi kjenner frå "Med hjartet på rette staden". Men vi såg ingen av skodespelarane. Kansje dei var på ferie i Noreg?
Sauane, ja, på oppfordring tek eg med bilete av dei.
Dessverre ikkje i grøne engar oppe i heiene, for det var mest brunt. Dessutan var alle sauane spraymåla, og da er det ikkje same sjarmen. Men her er dei no i alle fall.


På veg attende til Helmsley stoppa vi og åt på indisk restaurant i Pickering. (ja, vi åt mykje indisk, Laila!) Vi vart ganske lange i maska då ein av indarane plutseleg kom bort til oss og byrja å konversere på eit godt norsk! Det viste seg at han hadde studert hotelleiing i Stavanger i to år. Vi fekk den beste service, og mannen solte seg i glansen av å kunne prate eit språk så eksotisk som norsk.

Måndag køyrde vi opp til Newcastle airport, leverte frå oss bilen og tok metroen inn til byen. Vi bodde dei to siste dagane i bydelen South Shields, i et Guest House som held ein standard himmelhøgt over det andre vi hadde hatt på turen. Fjernsyn med video/DVD på rommet, eit stort bibliotek med bøker og filmar, og ein solid English Breakfast med egg, bacon, tomatbønner, pølser og anna godt!
Eg vil sterkt anbefale dei som skal bo nokre dagar i Newcastle å bo i South Shields. Mesteparten av området er parkar, strender, vakre hus med mykje luft mellom, store blomsterbed og eit sentrum der det er ei lang gågate med uendeleg mange restaurantar.
Vil også framheve overnattingsstaden vår, Ocean Breeze Guest House, sikkert ikkje av dei billegaste, men nok nær toppen når det gjeld gjestfridom, komfort og plassering.

Turen heim, kva skal vi seie om den? Tidleg opp, taxi til metroen, lang venting i Stavanger på flyet til Vigra, ekstra restriksjonar i høve utbrotet av munn-og klovsykje (har nokon høyrt meg på radioen?), heime kl. kvart på tolv, rett i seng.
No er Ragnhild, Marie og farmor komne hit og, så no er heile familien samla igjen.

Godt!

lørdag 4. august 2007

Helmsley

Ja, no sit eg på ein vandrarheim i Helmsley, North Yorkshire. Det har vore dagar fulle av høgdpunkt, og eg har ikkje fått kopla til maskina mi før no.
Eit kort samandrag av kva som har hendt sidan sist:
Vi forlot Inverness måndag 30. juli. Vi køyrde langs Loch Ness, stoppa på sjøormsenteret der. Det var greit nok, men det flottaste langs Loch Ness er ruinane av Urquhart Castle. Det er eit slott frå 1200-talet, bygd av den mektige Durward-familien.














Om kvelden kom vi til andre overnattingsplassen, Loch Lomond Youth Hostel. Det er eit gammalt slott som er blitt ungdomsherberge. Det seiest at det spøkjer der, og det føltes slik då vi kom inn på rommet vårt i 4. etasje. Det var ikkje ei dør som var blitt smurt der på hundrevis av år, og det knirka stygt kvar gong nokon gjekk i dei. eg trur forresten ikkje noko på dette spøkelset. Eg var på do om natta og då møtte eg ein eldre mann på gangen. Eg spurde han om han visste noko om spøkelset, men han sa at han hadde gått der i gangane i over 300 år, og aldri sett noko.




Dagen etter køyrde vi til Edinburgh. På vegen dit var vi innom Stirling Castle, eit av dei mest monumentale slotta i Skottland. Frå toppen av muren hadde vi utsikt fleire mil i alle retningar. Ungane tykte det var flott, men Mona fekk akutt høgdesjuke.

Edinburgh var eit nytt høgdpunkt, bokstaveleg tala. Midt i byen ligg eit fjell, Arthur's Seat, som er nesten 500 meter høgt. Vi gjekk eit stykke opp, men det vart litt drygt for Ingrid. Byen var grei å finne fram i, og det var mykje å sjå der, mange parkar og monumentale minnesmerke, som t.d. National Monument, etter modell av Partenon i Aten. Det er reist til minne om skottane som fall i napoleonskrigane.

Andre dagen i Edinburgh, besøkte vi, naturleg nok, Edinburgh Castle. Vi lot oss igjen imponere over kor mektige byggverk som vart laga for 500-900 år sidan.
Høgdepunktet for ungane var nok likevel besøket på Pizza Hut.

Torsdag køyrde vi søraustover, til Holy Island, eller Lindisfarne. Vi kryssa grensa til England på turen dit. Vi var heldige og kom på eit gunstig tidspunkt med tanke på tidevatnet. Sjølve øya var større enn vi hadde trudd, med ein liten landsby med souvenirbutikkar og restaurantar. Bilen måtte parkerast nokre hundre meter frå landsbysenteret, og til slottet var det endå halvannan kilometer. Veret var strålande, og opplevelsen var fullkomen. På Lindisfarne har dei ein tradisjon med å lage små skur, eller naust, av gamle båtar som ikkje skal brukast meir. Mange slike små naust stod rundt omkring på øya, og ved slottsmuseet var det tre som var ein del av museet.
Etter at vi forlot øya, ville vi finne ei strand. Det gjekk greit, men vi måtte parkere bilen og gå 2-3 kilometer på ein sti for å kome dit.














Om kvelden sette vi kursen inn i landet igjen, og kryssa attende til Skottland. Vi skulle overnatte i ein liten landsby som heitte Kirk Yetholm. Det er endestasjonen for "The Pennine Way" som er ein 260 miles lang fotsti som startar i Edale aust for Manchester.

Neste punkt på reisa var Kettlewell, ein annan liten landsby. Denne ligg i "The Yorkshire Dales" nasjonalpark, og er staden der filmen "kalenderpikene" vart delvis skoten. Det som imponerte oss mest denne dagen, var alle steinmurane. Jæren, go home!

Frå Kettlewell køyrde vi austover til York, der vi naturlegvis måtte besøke Jorvik Viking Centre. OK oppleving, men litt lite for 26 pund. Vi tykte vi fekk minst like mykje igjen for dei 27 punda vi brukte på Pizza Hut.
Etter å ha vore i York nokre timar, sette vi kursen nordover igjen. Målet var Helmsley, ein koseleg by som vi likte med det same. Det er her i Helmsley eg sit og skriv no, og her skal vi vere til måndag. I morgon har vi tenkt oss til Scarborough og Whitby, og vi stikk nok også innom Goathland (Aidensfield).