tirsdag 1. juli 2008

Amatørarkeologar på Rosskar








Ragnhild og Marie inviterte med seg Oda på tur i dag.

Vi hadde planer om å køyre inn til Rosskar på Gurskøya for å sjå på helleristingane der.
Frå Jøsok er det ca. 3 km å køyre oppover dalen før du kjem til enden av vegen.

Når du kjem litt oppover er det nesten som å køyre i ein innlandsdal, med frodig oreskog langs elva som slynger seg langs og under vegen.

Frå garden i enden av vegen er det berre nokre hundre meter å gå opp til olivinberget det du finn helleristingane.

For jentene vart dette ei spennande oppdagingsferd. Den best synlege ristinga ligg nemleg under ei stor trekanta helle. Det er ein båt med kløyvde, v-forma stamntoppar. Sannsynlegvis er den laga ein gong i tidsromet mellom 300 f. kr. og 300 e. kr. Den kan i formen minne om den vesle Kvalsundbåten.

Olivinberga ligg der som nokre lysebrune/gule haugar i alt det grøne og grå. Dei er fine å klatre på, og jentene koste seg.

Dei hadde med seg kjeks og sjokolade.

Ein ny vellukka tur, altså, og i morgon blir det Barnas dag på Sunnmøre museum:-)

mandag 30. juni 2008

Hasundhornet

I dag var det regn frå morgonen, men så skein det plutseleg opp!

I eit par timar var det sol frå skyfri kimmel.

Mona ville site heime og brodere, så eg tok med meg jentene og sette kursen mot Hasundhornet.
Det er ein passe lang tur for 8-åringar, og fin utsikt det meste av vegen.
Første høgda heiter Høgebruna, men skiltet seier "Høgebrua". Eit språkleg mistak.

Då vi nærma oss toppen, byrja skyene å samle seg igjen, men vi kom oss opp og fekk skrive namna våre i boka før vi sette kursen nedover att.

Vi hadde vinden i ryggen ned att, og turen gjekk fort. Eg fann ut at eg kunne like godt starte å lære dei litt om den norske kongerekka, og fekk vel kome grundig gjennom Harald Hårfagre og forhistoria om Halvdan Svarte og Ragnhilds draum før vi var nede ved bilen.

Vi høyrde Heiloen, og såg heipiplerka og varslaren.

Ein fin og lærerik tur.

Då vi kom heim, byrja det å regne.

søndag 29. juni 2008

Tur til Hakallestranda

Vi hadde venta oss ein regntung søndag, men da vi vakna var det nesten slik at vi kunne seie at veret var fint!

Vi hadde allereie bestemt at vi skulle besøke Aina på Sandvikgarden på Hakallestranda, så vi åt frukost i ein fart, pakka med oss niste ut i bilen, og køyrde over til Larsnes, det vi tok ferja over til Åram. Derifrå er det berre fem minutt å køyre.

Vi var litt spente, for det var første gongen vi var der, og difor visste vi i grunnen ikkje så mykje om kva vi hadde i vente.

Men då jentene fekk sjå alle dyra som gjekk rundt, var dei vekk på ein augneblink. Vi fann dei att nede hos hengebuksvina (dårleg namn på desse vakre dyra:-))

Det er klart at dette måtte bli vellukka!

Ragnhild og Marie var i hundre heile tida, for det var stadig noko nytt å sjå. Inne i huset var det nyfødde kattungar, ute gjekk hundar, kattar, hestar og shetlandsponniar i kring.

Jentene kunne gå inn til kaninane, hønene, påfuglane, grisane og dei andre dyra.

Ridetur vart det også.

Då alpakkaane (heiter det det i bestemt form fleirtal?) skulle forast fekk jentene kvar sin isboks med kraftfor som dei heldt fram. Dyra kom springande med ein gong, og gomla i seg store munnfullar.
Ei lita jente som stod der, fekk heile ladninga utover seg då eit av dyra fann det for godt å spytte.

Inne på løa var det sal av vafler, kaker, brus og diverse anna. det var også eit galleri der det var utstilt diverse handverksprodukt og kunst.

Til slutt fekk jentene køyre tur i hengaren til Gråtass.

Då vi køyrde heim att var dei skjønt einige om at dette var den kjekkaste dagen så langt i sommar.

Og det var i grunnen vi vaksne og!

fredag 27. juni 2008

Einar 15 år




I dag fylte Einar 15 år.
Han kom heim i går, etter å ha vore leiar på leir sidan jonsok.
Vi grilla kotelettar og pølser i fineveret.
Kristin var på jobb, og Ingrid på venninnebesøk, så vi var ein litt redusert gjeng rundt middagsbordet.

På ettermiddagen feira vi med besteforeldre, tante og onkel og søskenbarn.

Eg fekk med meg Mona på ein kveldstur opp på Høgebruna. Det var nydeleg ver og mykje knott.

I morgon køyrer eg dei tre eldste på speidarkrinsleir på Gjermundnes.

Mona og eg har planar om å ta dei to yngste med på ein del turar denne veka.

Rapport følgjer...

torsdag 26. juni 2008

Pussing!


I dag har eg pussa ned plata på eit gammalt eikebord. Det var eit slit, for eg måtte gå i djupna.
Men resultatet vart bra.
No treng vi ikkje tenkje på å kjøpe nytt på ei god stund:-)

Jonsokfeiring?


Er ikkje sikker på om det er rett å kalle det jonsokfeiring, det vi hadde i år. Vi var nemleg så feige at vi utsette feiringa på grunn av veret!

Så vi samla familie og vener den 25. juni til bålbrenning og grilling.

Det er alltid spennande når ein skiftar dag. Kjem folk, eller er dei slike vanedyr at dei held seg heime?

Dessutan var det semifinale i fotball-EM (Tyskland slo Tyrkia 3-2).

Men det viser seg at folk set pris på jonsokfeiringa på Klubbeneset.

Sjølv om det var litt færre enn det har vore dei siste åra, møtte det opp godt over 100, med smått og stort.
Med to store grillar og eit par småbål gjekk det greit å få unna kveldsmaten. Deretter var det tradisjonell fotballkamp, vaksne mot ungar, som dei vaksne i år, mot alle odds, gjekk sigrande ut av.

Eit par av oss, også tradisjonen tru, tok årets første sjøbad. Friskt og godt!


Også i år møtte mange av våre nye vener frå andre land opp. Det er tydeleg at dei set spesielt stor pris på denne tradisjonen. I år var det folk frå Eritrea, Etiopia, Irak, Afghanistan, Thailand, Syria.

Sola, som hadde vore litt avventande utover ettermiddagen, kom etter kvart fram, og varma godt. Ullkleda og ytterjakka som låg klar i bilen vart det aldri behov for.

Etter kvart som sola seig i havet, samla folk seg tettare rundt bålet. Då dei siste forlet plassen i ett-tida, brann bålet framleis friskt.

Ei ny vellukka jonsokfeiring er trygt i havn, og vi gler oss til neste gong!

mandag 23. juni 2008

Reunion Nordmøre Tenåringskor



Har vore gjennom ein emosjonell orkan i helga.

Ein positiv orkan vel å merke. Vi hadde reunion i Nordmøre Tenåringskor, eit kor eg var med i frå 1978-1983.
Vi var rundt 50 tidlegare medlemmar som var samla, 27 1/2 år etter at vi gav ut plata med musicalen "Håp".

Rykta om reunion fekk eg høyre via facebook. Det var Dagfinn (Bjerkestrand) som først skreiv om det i juli ifjor.

Og reunion vart det.

Det var som å få ungdommen slengt rett i ansiktet!

Eg har alltid visst at dei åra var viktige for meg, men at dei var så fundamentalt bestemmande for korleis livet mitt vart, og korleis eg vart som menneske, har eg nok ikkje skjønt fullt ut før i helga.

Visst har vi forandra oss, dei fleste av oss, i alle fall i det ytre (sjølv om nokre ser ut til å ha funne ungdomskjelda), og det er mykje levd liv i mellom, men vi er framleis dei same, og ber med oss ein felles bagasje som ikkje let seg slette ut.
I den bagasjen finn eg gruppeøvingar, fellesøvingar med overnatting på kjøkenbenken i menighetshuset, turar i inn-og utland, sosialt samvær med seine kveldar, påskeleirar og andre leirar, julekonsertar og andre konsertar, minibusskøyring, ferjeturar, kyrkjejubileum og mange andre ting som eg ikkje kjem på i farta.

Tru det eller ei: Sjølv om eg ikkje har sett meir enn eit par av dei andre på 25 år, er dette nokre av dei eg reknar som mine aller beste vener.

Er det rart at kjenslene tek litt overhand når alt dette kjem strøymande på etter å ha vore stua inn i eit lite bakrom i hjernen i 25 år?

Så kva kan eg skrive om helga?

Det er vanskeleg å skrive objektivt om det som hende, men det var å møte gamle vener, synge gamle songar, ete god mat, nyte å vere mellom vener, ha samtalar langt utover natta og sove svært lite!

Så sjølv om det vart rive meterlange flenger inn i ungdomstida, på godt og vondt (vondt fordi det var tungt å skiljast igjen), så vil eg takke alle for at denne helga vart slik ho vart.



Minnene vil vere gode og sterke. Lenge.