søndag 29. juni 2008

Tur til Hakallestranda

Vi hadde venta oss ein regntung søndag, men da vi vakna var det nesten slik at vi kunne seie at veret var fint!

Vi hadde allereie bestemt at vi skulle besøke Aina på Sandvikgarden på Hakallestranda, så vi åt frukost i ein fart, pakka med oss niste ut i bilen, og køyrde over til Larsnes, det vi tok ferja over til Åram. Derifrå er det berre fem minutt å køyre.

Vi var litt spente, for det var første gongen vi var der, og difor visste vi i grunnen ikkje så mykje om kva vi hadde i vente.

Men då jentene fekk sjå alle dyra som gjekk rundt, var dei vekk på ein augneblink. Vi fann dei att nede hos hengebuksvina (dårleg namn på desse vakre dyra:-))

Det er klart at dette måtte bli vellukka!

Ragnhild og Marie var i hundre heile tida, for det var stadig noko nytt å sjå. Inne i huset var det nyfødde kattungar, ute gjekk hundar, kattar, hestar og shetlandsponniar i kring.

Jentene kunne gå inn til kaninane, hønene, påfuglane, grisane og dei andre dyra.

Ridetur vart det også.

Då alpakkaane (heiter det det i bestemt form fleirtal?) skulle forast fekk jentene kvar sin isboks med kraftfor som dei heldt fram. Dyra kom springande med ein gong, og gomla i seg store munnfullar.
Ei lita jente som stod der, fekk heile ladninga utover seg då eit av dyra fann det for godt å spytte.

Inne på løa var det sal av vafler, kaker, brus og diverse anna. det var også eit galleri der det var utstilt diverse handverksprodukt og kunst.

Til slutt fekk jentene køyre tur i hengaren til Gråtass.

Då vi køyrde heim att var dei skjønt einige om at dette var den kjekkaste dagen så langt i sommar.

Og det var i grunnen vi vaksne og!

Ingen kommentarer: