torsdag 26. juni 2008

Jonsokfeiring?


Er ikkje sikker på om det er rett å kalle det jonsokfeiring, det vi hadde i år. Vi var nemleg så feige at vi utsette feiringa på grunn av veret!

Så vi samla familie og vener den 25. juni til bålbrenning og grilling.

Det er alltid spennande når ein skiftar dag. Kjem folk, eller er dei slike vanedyr at dei held seg heime?

Dessutan var det semifinale i fotball-EM (Tyskland slo Tyrkia 3-2).

Men det viser seg at folk set pris på jonsokfeiringa på Klubbeneset.

Sjølv om det var litt færre enn det har vore dei siste åra, møtte det opp godt over 100, med smått og stort.
Med to store grillar og eit par småbål gjekk det greit å få unna kveldsmaten. Deretter var det tradisjonell fotballkamp, vaksne mot ungar, som dei vaksne i år, mot alle odds, gjekk sigrande ut av.

Eit par av oss, også tradisjonen tru, tok årets første sjøbad. Friskt og godt!


Også i år møtte mange av våre nye vener frå andre land opp. Det er tydeleg at dei set spesielt stor pris på denne tradisjonen. I år var det folk frå Eritrea, Etiopia, Irak, Afghanistan, Thailand, Syria.

Sola, som hadde vore litt avventande utover ettermiddagen, kom etter kvart fram, og varma godt. Ullkleda og ytterjakka som låg klar i bilen vart det aldri behov for.

Etter kvart som sola seig i havet, samla folk seg tettare rundt bålet. Då dei siste forlet plassen i ett-tida, brann bålet framleis friskt.

Ei ny vellukka jonsokfeiring er trygt i havn, og vi gler oss til neste gong!

Ingen kommentarer: