mandag 23. juni 2008

Reunion Nordmøre Tenåringskor



Har vore gjennom ein emosjonell orkan i helga.

Ein positiv orkan vel å merke. Vi hadde reunion i Nordmøre Tenåringskor, eit kor eg var med i frå 1978-1983.
Vi var rundt 50 tidlegare medlemmar som var samla, 27 1/2 år etter at vi gav ut plata med musicalen "Håp".

Rykta om reunion fekk eg høyre via facebook. Det var Dagfinn (Bjerkestrand) som først skreiv om det i juli ifjor.

Og reunion vart det.

Det var som å få ungdommen slengt rett i ansiktet!

Eg har alltid visst at dei åra var viktige for meg, men at dei var så fundamentalt bestemmande for korleis livet mitt vart, og korleis eg vart som menneske, har eg nok ikkje skjønt fullt ut før i helga.

Visst har vi forandra oss, dei fleste av oss, i alle fall i det ytre (sjølv om nokre ser ut til å ha funne ungdomskjelda), og det er mykje levd liv i mellom, men vi er framleis dei same, og ber med oss ein felles bagasje som ikkje let seg slette ut.
I den bagasjen finn eg gruppeøvingar, fellesøvingar med overnatting på kjøkenbenken i menighetshuset, turar i inn-og utland, sosialt samvær med seine kveldar, påskeleirar og andre leirar, julekonsertar og andre konsertar, minibusskøyring, ferjeturar, kyrkjejubileum og mange andre ting som eg ikkje kjem på i farta.

Tru det eller ei: Sjølv om eg ikkje har sett meir enn eit par av dei andre på 25 år, er dette nokre av dei eg reknar som mine aller beste vener.

Er det rart at kjenslene tek litt overhand når alt dette kjem strøymande på etter å ha vore stua inn i eit lite bakrom i hjernen i 25 år?

Så kva kan eg skrive om helga?

Det er vanskeleg å skrive objektivt om det som hende, men det var å møte gamle vener, synge gamle songar, ete god mat, nyte å vere mellom vener, ha samtalar langt utover natta og sove svært lite!

Så sjølv om det vart rive meterlange flenger inn i ungdomstida, på godt og vondt (vondt fordi det var tungt å skiljast igjen), så vil eg takke alle for at denne helga vart slik ho vart.



Minnene vil vere gode og sterke. Lenge.

mandag 9. juni 2008

Speidartur til Hatløya





Speidarane i Ulstein var på den årlige turen til Hatløya frå laurdag til søndag. 120 speidarar og rundt 20 leiarar drog ut i strålande ver. Foreldra stilte med eigne båtar og skyssa oss ut på dugnad.
Bivuakkane reiste seg raskt mellom trea på den spanande og vakre leirplassen. Ettermiddagen gjekk fort. Det var mange oppgåver som skulle gjerast før alt var klart til leirbålsamling. Det var så varmt og godt at folk søkte inn i skuggane når dei tok ein pust i bakken.

Mat er viktig på speidartur, og nokre er temmeleg avanserte i matvegen, medan andre berre slenger ei pølse på bålet.
Etter leirbålsamlinga var det ymse aktivitetar før dei fleste etter kvart gjekk til ro. Nokre av dei eldste heldt det riktignok gåande nesten heile natta.

Søndag morgen starta med flaggheising og frukost, før vi starta gudstenesteverkstad. Ungane blei delte inn i fleire grupper som fekk ansvar for dei forskjellige delane i gudstenesta.

Den siste programposten var sporløp, og medan det heldt på, kom regnet! Det bøtta ned, og sidan dei fleste hadde vore mentalt innstilt på sol då dei pakka, vart mange skinnvåte.

Det var likevel ikkje ei sur mine å sjå då vi traska ned til kaia for å vente på båtskyssen.

Ein svært vellukka tur!

mandag 2. juni 2008

Torsdag 29. juni var 8. klassingane på tur til Runde, og eg fekk tigga meg til å bli med.
Eg måtte ha med eigen bil, for eg skulle rekke eit vikingmarked (sjå meir om dette på min andre blogg, "Bue", http://palivetlos.blogspot.com/ ).

På turen ut til Runde, var vi først innom Herøy kystmuseum, der Marit Moltu viste oss rundt og fortalde levande om staden og historia. I sola og varmen var det godt å gå rundt og sjå på dei vakre husa og båtane.

Ved ankomsten til Goksøyra på Runde, var det på tide med litt mat. Elevane spreidde seg rundt på benkar og plenar. Nokre tok seg ein tur i kiosken og kjøpte seg is.

På veg ut til fyret, stogga vi ei stund ved skarveura. Mange av elevane hadde spørsmål. Nokre lurte på kva slag fuglar dei såg og andre lurte på kor langt det var igjen!

Nedstigninga til fyret er temmeleg bratt, men det var ingen som vegra seg for å gå ned.

Sjeldan har eg opplevd å sitje på berget ved gamlefyret og håpa på ein liten svalande bris!
Elevane koste seg. Nokre grilla medan andre gjekk på oppdagingsferd. Lærarane sat stort sett og slikka sol.

Som sagt så måtte eg gå attende tidleg, fordi eg skulle reise, men dagen vart likevel perfekt!

mandag 19. mai 2008

Friluftgudsteneste 2. pinsedag

I år såg det ut som om veret skulle øydeleggje for oss på Høgåsen. Ein kald vind hadde fleire dagar jaga oss i hus.
Og kaldt var det da vi starta å gå oppover. Vinden sleikte oss i nakken medan vi gjekk oppetter råsa. Eg hadde med fleire ekstra lag med klede, og naturlegvis ull innerst!





Så kom vi opp på toppen, og opplevde det merkelege at medan vinden bles friskt i lia, var det så å seie vindstille på toppen!



Mykje folk hadde teke turen opp, og det vart ei strålande oppleving.
Sjeldan har veret vore så fint, sjølv om vi har vore heldige dei siste åra.





Mange blei verande igjen på toppen lenge etter at gudstenesta var slutt, og dei koste seg med mat og leik. Ungane hadde det heilt topp, og det hadde vi som sat i solsida også!

tirsdag 25. mars 2008

Påskeferie

Har hatt ei krempåske!! Første delen var det dagar med regn, men og så mykje opphald at eg fekk skrudd opp ein terrasse i hagen.

Skjærtorsdag køyrde vi til mor på ålvundeidet.

Langfredag strålte sola frå skyfri himmel. Einar og eg tok trekket opp og gjekk til Kjerringvatnet medan dei andre gjekk til det nye skileikområdet som idrettslaget har fått laga.

På fjellet var det ein kald vind, men det var silkeføre, og turen ned tok svært kort tid.

Påskeaften var det same været, minus vind, og Einar ville i trekket og renne slalåm. Dei andre ville bort i leikeområdet igjen, så eg fekk meg ein fjelltur på eiga hand. Eg gjekk opp på templet, ein avsats i sida på Grånebba. Sola varma, og det var så stilt at eg sette meg ned og koste meg med den obligatoriske appelsina utan å fryse verken på fingrane ellet hovudet.

Eg fekk testa telemark-forma på nedturen. Jomfrueleg snø og silkeføre!

Søndagen var det like fint. Mona og eg tok oss ein tur i kyrkje medan resten drog rett ut på ski.

Denne dagen var vi alle i skileikanlegget og roa oss heilt ned. Ungane var i full aktivitet medan vi vaksne sleika sol.

Ei vellukka påske, akkurat slik vi vil ha det!!

søndag 21. oktober 2007

Handball















I dag har Ingrid vore med på handballturnering, og eg sat i sekretariatet, førte lister med resultat, scoringar o.s.b.
Ingrid var ikkje førnøgd. Det blei to tap, ein uavgjort og ein siger. Det verste var vel at ho ikkje spelte den kampen dei vann.

mandag 3. september 2007

Åleinepappa igjen!

Her går det fort i svingane.
Fredag og laurdag var Einar, Ingrid og eg på vikingmarknad på Herøy Gard. Fredag kveld og natt til laurdag var det knallblå himmel. Vi sat oppe til 0200 og såg på månen og stjernene.
Laurdag morgon sløra det seg til. Etterkvart byrja det å yre, og rundt klokka 12 starta det å bøtte ned. Veret gjorde oss ikkje så mykje, direkte, men det førde naturlegvis til at folk ikkje kom på marknaden. Dei stakkars sjelene som kom utover, søkte seg inn i bygningane, der dei åt ei skål med rømmegraut før dei sette seg i bilane igjen.
Eg fekk seld 2 bogar og nokre piler.

Og søndag morgon sette Mona seg i bussen til Vågå. Denne veka tek ho første modul i Husfliden si bunadsutdanning. Denne utdanninga har 9 modular som går over 3 år. Nokre av modulane varer i 14 dagar, så eg får trent meg i å klare meg sjølv.
Ikkje at eg er redd for at noko skal gå gale, men det er godt å ha nokon å dele ansvar med. Eg er dessutan ikkje like systematisk i hovudet som min betre halvdel, så det gjeld å skrive ned ting etter kvart som dei dukkar opp.

Fekk forresten melding frå ho i dag tidleg. Ho var ute og gjekk i solskinet. Kva var no det, igjen?